4. februar 2018

Bodil Stenseth: Quislings ran (2017)

At Vidkun Quisling ville bu i eit herskapleg hus under andre verdskrigen burde ikkje vera så overraskande. At han fann eit høveleg hus, og brukte enorme statlege summar på å setja det i stand, burde heller ikkje vera så overraskande. Og det burde heller ikkje vera overraskande at han fekk dekt interiøret på same måten. Likevel er det mykje som overraskar i denne boka.

Det er ei bok som fortel historia om Villa Grande på Bygdøy, frå det spede opptaket til Sam Eyde i 1917, til HL-senteret flytta inn der i 2005. Eyde fullførte aldri bygget, og etter at nokre andre hadde vore innom som eigarar overtok staten det i 1941. Quisling flytta inn der, fullførte bygget, og budde der. Som i ein festning. Det var vakter overalt, det vart bygd ein bunker, og heile eigedomen var sjølvsagt inngjerda.

Stenseth viser korleis Quisling tappa statskassa når han trong noko. Og korleis han, ved hjelp av antikvitetshandlarar, overtok møblar og sølvtøy og anna verdfullt frå husvære der jødar hadde budd. Ho nemner ofte kva dei einskilde prosjekta kosta, men kjem aldri med noko oversikt over kor mykje det kosta.

Det er ei god og interessant bok, sjølv om dei siste kapitla trekkjer ned. Hus-historia er ikkje like spanande dei siste tiåra, og ho legg altfor mykje vekt på prosessen som førte fram til at HL-senteret vart oppretta og fekk flytta inn der. Det trekkjer òg litt ned at ho av og til ikkje greier å presentera det omfattande kjeldematerialet på ein oversiktleg måte, og at språket ikkje flyt like godt heile tida.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar