12. mars 2018

A. J. Jacobs: The Year of Living Biblically (2007)

A. J. Jacobs likar å gå langt inn i emna han skriv om. I 2004 gav han ut ei bok om den gongen han las heile Encyclopedia Britannica. Denne gongen handlar det om Bibelen, men vinklinga er litt annleis. Han les heile Bibelen, skriv ned alle reglane og pålegga som finst der, og prøver å leva i tråd med dei i eit heilt år. Omtrent. Han tek det steg for steg, og det verkar fornuftig - det er ekstremt mange reglar i Bibelen.

Parallelt med dette prøver han å gjera seg betre kjend med ulike religionar, og kanskje mest dei små og rare. Jacobs omtalar seg som ein agnostikar, og sjølv om han merkar at han likar å vera religiøs, i alle fall litt, er det ingenting som tyder på at han får varige mein av dette året. Og parallelt med det igjen fortel han om sitt eige liv, der han og den gravide kona tidleg i boka får vita at dei ventar tvillingar.

Skal ei bok som dette fungera, føreset det at forfattaren ser det morosame i prosjektet, og det komiske i livsstilen han går inn i. I Markus-evangeliet står det "they shall pick up serpents", og Jacobs sporar opp eit lite trussamfunn i Tennessee som tek dette på alvor. Kvar gudsteneste vert avslutta med at presten tek opp ein giftslange og kjæler litt med han. Han møter fleire som meiner at Bibelen ikkje skal tolkast, det som står der er regelen som gjeld.

Jacobs får fram det komiske. Her er mykje å smila litt av, også når han skriv om korleis kona Julie vert meir og meir lei av dei bibelske påfunna hans. Etter at tvillingane er fødde, medan dei ligg på fødestova, seier ho "Hold my hand". Han har lese Bibelen, og svarar "Well, you're impure for a week after the birth, so I can only hold it before the birth". Ho svarar "Please don't ..." - eit klart signal om at det er i ferd med å ta overhand.

Guffen tilrår.

Meir Jacobs på kulturguffebloggen
The Know-It-All (2004)
The Puzzler (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar